• No ligg kortesjen med kronprinsparet framfor pressebussen. Vi må køyra på, så vil dei leggja seg til sida og sleppa oss forbi, seier Anne Gro Fredheim.

Langs snirklete vestlandsvegar er det kongelege følgjet på veg til Kvia i Breim. Like bak køyrer bussen som er fullasta med kameralinser, blitzar, blokkar og pressefolk. Informasjonsansvarleg Anne Gro Fredheim har nett fått melding om at vi har hamna bak kronprinsparet. Slik skal det ikkje vera. Pressa skal først fram.

— Du får leggja deg på hjul, seier ho til bussjåføren.

Over 60 journalistar og fotografar følgjer Haakon og Mette-Marit på den tre dagar lange turen i Sogn og Fjordane. Dei kjem mellom anna frå German Television, UK Press, Sunnmørsposten og NRK.

Fire millionar sjåarar

Alle har fått utdelt åtte tettskrivne ark med informasjon om kor dei til ein kvar tid skal opphalda seg. «Media dekkjer arrangementet frå tilvist plass. Straks etter helsingstalen til kronprinsen, går media til busstoppen i Markegata (..). Media går til plassen framfor paviljong 1».

To gonger i løpet av ferda får journalistane høve til å stille spørsmål til dei kongelege. Det tykkjer Rolf Seelmann-Eggebert er storveges.

— Å, det er lett å jobba med kongehuset her i Norge om ein samanliknar med England og Spania. Ein kjem så tett på dei, seier den røynde kongereportaren frå Tyskland.

Han og kamerateamet har reist til Nordfjord for å gjera opptak til ein dokumentar i samband med 70-års dagen til kong Harald. Programmet skal truleg sendast i beste sendetid, og Seelmann-Eggebert meiner at det vil få opp mot fire millionar sjåarar.

Ønskjer kontinuitet

— Dei skandinaviske kongefamiliane er enormt populære i Tyskland. Vi har jo ikkje noko slikt sjølve, så då må vi låna dykkar, seier journalisten som har jobba med kongestoff i over 20 år.

Han trur mange likar å følgja med på kongelege fordi dei ønskjer kontinuitet i tilværet.

— Alt skifter så fort nå. Popstjerner og skodespelarar er ofte populære ein kort periode før dei forsvinn igjen. Kongefamiliane er dei same uansett kva som skjer, seier Seelmann-Eggebert.

Kronprinsfølgjet er framme på Kvia. Pressebussen greidde aldri å nå dei att, men stoggar like bak. Alle vil ut med ein gong.

— Slipp fotografane fram først. Fotografane først, seier hoffreporter Kjell Arne Totland i Se og Hør.

Sjølv sit han roleg i setet sitt og ventar på tur. Utanfor er kronprinsparet på veg forbi nye hordar av entusiastiske småbarn med flagg i handa.

Sara Johannessen
Sara Johannessen