EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noSAS-hotellet på Bryggen i går kveld: 50 menn i salen, storskjerm på veggen. Framme på golvet: Eit bord, to stolar, ei klokke og eit brett. 16 offiserar og 16 bønder, svarte og kvite.— Spelte du Alekine?! Alekine er eit direkte tapstrekk, seier ein. - Eg håpar han ofrar dronninga på f7 ganske tidleg, seier ein annan forventningsfullt. Nesten verdsmeister Det blir stille. Alexei Shirov, rangert som verdas sjuande beste sjakkspelar, inntar rommet. Berre 29 år gammal, tapande finalist i siste verdsmeisterskap, kjent for aggressivitet og gode sluttspel. Svart dress, stritt hår, raude kinn.- Vi har aldri hatt ein så god sjakkspelar i Bergen. Ja, det var eit par sterke her på 40-talet, men , seier Eirik Gullaksen, formann i Bergen Sjakklubb.På andre sida av bordet: Simen Agdestein, norsk stormeister, rangert som nummer 110 i verda. Tapt tid og fribonde 29 minutt og 58 sekund varer krigen. Latviaren Shirov går tom for tid. Rasande raske trekk dei siste sekunda hjelp ikkje. Agdestein står klar med ein fribonde som kan forvandlast til ei dødeleg dronning når som helst. Shirov har tapt på tid i tapt stilling.Tilskodarane flokkar seg rundt brettet.- Kva hadde hendt dersom Shirov hadde spelt g5 der? spør ein og peikar.Shirov slår irritert ut med eine handa og strenar over golvet. Tonen er hissig:- Neste spel - når er neste spel? Etterskrift: Shirov fekk sin hemn. Kvelden endte med 2,5-1,5 til Shirov, etter ein remis (uavgjort) og to sigrar til latviaren i dei neste tre partia.