I 16 år har Sogn og Fjordane fylkeskommune hatt ein regel om at fylkeskommunale midlar ikkje skal brukast til å kjøpe alkohol. Men no står serveringsregelen for fall. Avgjerande blei kongebesøket frå 9. til 11. juni.

I går røysta berre KrF-representanten Erland Fagermoen mot, då eit framlegg om å lempe på regelverket kom opp for fylkesutvalet. Fylkesordføraren skal heretter kunne godkjenne alkoholservering etter eige skjøn i tilskipingar der fylkeskommunen har gjester.

Sponsor

Alkoholsaka har blitt ei litt pinleg affære framfor kongebesøket. Ved fylkeskommunale arrangement i Sogn og Fjordane har det nemleg blitt servert alkohol fram gjennom åra, sjølv om fylket altså ikkje skulle bruke skattepengar på rusdrykk.

For det finst alltid måtar å omgå eit regelverk. Ein metode har vore å få ein sponsor til å betale alkoholen. I praksis har sponsoren ofte vore kommunar. Ved fylkeskommunale arrangement i kommunar med vedtak på å servere alkohol, har det blitt servert alkohol. Kommunen har betalt.

Ugreie

Eit enkelt og greitt regelverk å forhalde seg til. Men det har også vore tilfelle der alkoholreglane har skapt ugreie. Som når fylkeskommunen har vore vertskap for utanlandske gjester med ein noko anna alkoholkultur enn den norske, og følt seg forplikta til å servere vin til maten. Då har løysinga vore den private lommeboka, altså rett og slett at tilsette eller politikarar har spleisa.

Tilrådinga frå gårsdagens møte i fylkesutvalet blir ikkje endeleg avgjort før på fylkestinget i Flåm neste veke. Men med berre KrFs stemme mot, er det duka for solid fleirtal for oppmjukinga i fylkestinget.

Og dermed også vin på kongens bord når fylkeskommunen inviterer til festmiddag på Kviknes Hotell i Balestrand måndag 10. juni. Og kanskje også noko litt sterkare til kaffien etterpå?