Det stadfestar kyrkjeverge Oddmund Sagstad overfor Kystradioen.

Trass i fire konfirmasjonsgudstenester på Erdal, blei det for lite plass for dei som kom til kyrkja mindre enn 15-20 minutt før gustenesta starta opp.

Det er stor plassmangel i kyrkja, og Kyrkjeleg Fellesråd vonar at kommunestyret i haust gir klarsignal for utbyggjing av kyrkja som dermed kan gi plass til 500 personar.

Prosjektet er kostnadsrekna til 25 millionar kroner, og med eit vedtak om utbyggjing i budsjettmøtet i desember, kan arbeidet med kyrkja startast opp neste år.