Fremst ruslar prest og kateket. Bak dei kjem jentene i ei rekke, og gutane i den andre. Jentene i flunkande ny bunad, som skal vara livet ut, med visse justeringar undervegs. Dei fleste gutane i leigde bunader, sidan dette er plagg som ikkje lett kan syast om etter kvart som ein veks.

Vangskyrkja har konfirmasjon i to puljer i dag, og to puljer til skal konfirmerast neste sundag.

Talet på «borgarlege» konfirmantar har auka, og humanetikarane flytta i år tilskipinga frå Mølstertunet til Vossasalen på Park Hotell Vossevangen.

PÅ VANDRING: Konfirmatar på veg til Vangskyrkja.
Arne Hofseth
TID FOR FOTOGRAFERING: Konfirmasjonssundagen er dagen for familiefoto ved Vangs-vatnet.
Arne Hofseth