— Vi er ikkje glade for dette, men det er den beste løysinga slik situasjonen er blitt, seier regionvegsjef Ole Chr. Torpp.

Den nye løysinga blei presentert på eit møte mellom vegsjefen og Aksjonskomiteen mot Autopass i går. Partane vart einige om ei løysing som inneber innføring av Autopass mot at rabattordninga på 60 kroner framleis vil gjelde for bilistar med brikke og depositum. Vidare vil grunnprisen bli redusert frå 100 til 70 kroner biletten.

Måndag sender vegsjefen den nye tilrådinga til Vegdirektoratet.

Før jul skreiv nesten 9000 Askøyveringar under på at dei ønska det nye bompengesystemet langt unna brua deira.

— For oss var det ingen veg tilbake. Arbeidet med Autopass er kome så langt at det ikkje var aktuelt å gå tilbake på dette av økonomiske grunnar. Det var heller ikkje aktuelt å innføre parallelle system, som kombinerer Autopass med dagens ordning, slik aksjonsgruppa gjekk inn for. Dette ville også blitt for kostbart, seier Torpp.

Totalt sett vil ikkje den nye løysinga innebere store økonomiske tap, meiner vegsjefen.

— I dag er det berre 10-15 prosent som betaler grunnprisen på 100 kroner. Det er desse som no vil få biletten redusert til 70 kroner. Dette taper vi litt på, men ikkje meir enn det vi ville tapt på å ikkje innføre Autopass på Askøybrua i det heile. Kompromisset er såleis det beste for begge partar slik situasjonen er blitt, seier Torpp.

— Kompromiss og kompromiss, seier leiar i Aksjonskomiteen mot Autopass Tore Christian Gjelsvik.

— Vi ønska Autopassordninga som system fjerna. Når dette ikkje skjer, er forslaget til vegsjefen som sådan greitt nok.

Gjelsvik held fram at aksjonsgruppa vil vere vaktbikkjer overfor vegkontoret også i framtida.

— Vi vil passe på at området blir rydda og at Autopassordninga forsvinn den dagen gjelda på brua er nedbetalt i 2006, seier Tore Christian Gjelsvik.

«GREITT NOK»: Leiar i Aksjonskomiteen mot Autopass, Tore Christian Gjelsvik, er fornøgd med kompromisset.<br/> ARKIVFOTO: VEGAR VALDE