I eit kraftfullt avisinnlegg som dei siste dagane har stått på trykk i lokalavisene i Nordfjord, viser ti jordmødrer til at i kvar tiande fødsel vil det oppstå ein eller annan komplikasjon som vil vere uråd å føresjå.

— I nokre av desse tilfella står det faktisk om minutt, altså liv eller død, skriv jordmødrene.

Leiinga i Helse Vest vil gjere fødeavdelingane ved sjukehusa Stord, Voss, Lærdal og Eid om til fødestover. Ei fødestove inneber at berre jordmor og barnepleiar skal vere på vakt. Det vil ikkje bli gitt høve til epidural smertelindring, berre lystgass og oksygen. Det vil ikkje vere gynekolog som kan uføre akutte keisarsnitt, ikkje høve til å bruke sugeklokke eller sy kvinner med store eller vanskeleg rifter. Heller ikkje vil det vere narkoselege som kan gje akutthjelp til sjuke barn eller mødrer med sterke smerter. Og ikkje barnelege eller blodbank i tilfelle store blødingar som kan oppstå ved normale fødslar.

— Det som no skjer er å gå 50 år tilbake i tid, understrekar jordmødrene.

I innlegget viser dei til debatten då det var trong for ny fødeavdeling i Bergen, fordi Haukeland med sine 5500 fødslar i året var sprengd. Eit framlegg om å leggje ei ny fødeeining til Haraldsplass fall. Dei fem minutta det ville ta med bil til Haukeland var for lang, i tilfelle komplikasjonar.

— Til samanlikning er avstanden frå Selje til Førde 192 kilometer. Ferje kjem i tillegg, påpeikar jordmødrene.