Komplett 1. mai-fiasko i Odda

Karita uteblei. Toget avlyst. 20 tilhøyrarar. Flagg opp-ned. Ingen musikk. Hakkete cd. Lydmann amok.

LO i Odda og omegn fekk i går føla på kroppen å bli ramma av streik som ”uskuldig tredjemann”. Med musikklaget i streik vart det ingen 1. mai-tog, for første gong i fredstid sidan 1907.

2006 vart året då alt gjekk skeis for 1. mai-tilskiparane i Odda.

* Ingen musikk ved kransenedlegginga på monumentet etter dei som fall under krigen.

* Demonstrasjonstoget avlyst grunna musikkmangel.

* Talar for dagen, statsråd Karita Bekkemellem uteblei.

* Frammøte minimalt, ikkje stort meir enn 20 tilhøyrarar utanom komiteen og dei som heldt i tre banner med parolar.

* To flagg var heist opp-ned.

* Avspeling av Internasjonalen mislykkast då cd-spelar svikta. Nestenskandale då lydmann gjekk til fysisk åtak på lokalavisjournalist som tok bilete av spelaren.

Det einaste som gjekk etter planen, var salutten. Tre kraftige dynamittskrell frå fjellsida høgt over Oddabyen.

- Nei, dette var dårleg, vedgår den lokale LO-leiaren Nils Johan Ystanes, men han nektar å ta ordet fiasko i sin munn, og forsikrar at 1. mai skal markerast i Odda også neste år, helst med musikk.

Les også

Siste fra Lokalt

Os-politiet må utvide

Os lensmannskontor må utvides for å gi plass til ekstra drapsetterforskere.

Plutselig sto den bare der ...

Dette er studentenes nye maskot.

Derfor tente ikke Breivik på skolen

Anders Behring Breivik skulle røyke ut alle som gjemte seg inne i skolestuen. Men gjorde det ikke fordi han anså «operasjonen som vellykket».

Tar oppgjør med partienes drikkekultur

Alkoholen flyter på partimøter hvor mindreårige deltar. Nå mener politikere i flere partier at noe må gjøres.

Stålsøyler på Torgallmenningen

Som lyn fra klar himmel foreslår nå kunstneren Bård Breivik å erstatte granittsøylene på Torgallmenningen med skinnende stålsøyler.

Redd graving er kroken på døren

Frykt for butikkdød i Gågaten. Noen pakker allerede sammen.

Relaterte bilder

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger