LO i Odda og omegn fekk i går føla på kroppen å bli ramma av streik som ”uskuldig tredjemann”. Med musikklaget i streik vart det ingen 1. mai-tog, for første gong i fredstid sidan 1907.

2006 vart året då alt gjekk skeis for 1. mai-tilskiparane i Odda.

  • Ingen musikk ved kransenedlegginga på monumentet etter dei som fall under krigen.
  • Demonstrasjonstoget avlyst grunna musikkmangel.
  • Talar for dagen, statsråd Karita Bekkemellem uteblei.
  • Frammøte minimalt, ikkje stort meir enn 20 tilhøyrarar utanom komiteen og dei som heldt i tre banner med parolar.
  • To flagg var heist opp-ned.
  • Avspeling av Internasjonalen mislykkast då cd-spelar svikta. Nestenskandale då lydmann gjekk til fysisk åtak på lokalavisjournalist som tok bilete av spelaren.

Det einaste som gjekk etter planen, var salutten. Tre kraftige dynamittskrell frå fjellsida høgt over Oddabyen.

— Nei, dette var dårleg, vedgår den lokale LO-leiaren Nils Johan Ystanes, men han nektar å ta ordet fiasko i sin munn, og forsikrar at 1. mai skal markerast i Odda også neste år, helst med musikk.