Det var tysdag det vart kjent at rådmann Arvid Lillehauge og helse— og sosialsjef Arve Varden har reist til Altea i Spania for å vurdere eit prosjekt Sogn og Fjordane Bustadbyggelag har på gang i området.

Kommunen betaler opphaldet, men formannskapet har ikkje vore orientert om turen.

Mellom dei som reagerer er gruppeleiar for Høgre og "opposisjonsleiar" i Høyanger kommunestyre, Oddvar Østerbø. Til NRK Sogn og Fjordane seier Østerbø at han meiner kontrollutvalet i kommunen no bør sjå på saka.

— Vi har diskutert sydenbustader før, men det har aldri vore vurdert som aktuelt, seier Østerbø.