Det blei gruppeleiarane frå dei ulike partia samde om onsdag kveld, etter ei ny dag der skittkastinga mellom ordførar og rådmann heldt fram.

— Dette er ei veldig lei sak for Lærdal. Ei lei og alvorleg sak, seier varaordførar Lars Petter Nesse (Sp).

Fredag skal dei to kamphanene møtas, saman med dei to Fylkesmann-oppnemnde meklarane, ordførar i Luster Torodd Urnes og rådmannen i Balestrand, Vidar Roseth. Samstundes blir kommunestyret kalla inn til ekstraordinært møte neste onsdag.

— Då vil berre denne saka stå på dagsordenen. Kva alternativ vi har, veit vi etter fredagens møte, seier Nesse.

Slo tilbake

Sanden kalla inn til pressekonferanse i går for å slå tilbake mot skuldingane om at han hadde pressa rådmannen til å sjukmelde seg.

Striden mellom dei to tok til då ordføraren plussa på økonomiplanen med 70 millionar kroner, utan å informere rådmannen. Grytten kritiserte ordføraren, noko som førte til at Sanden gav rådmannen valet mellom å be om orsaking eller levere oppseiing.

«På grunn av ordføraren sin trugande og emosjonelle oppførsel måtte eg forlate møtet etter å ha fått det nemnde ultimatumet fleire gongar» skriv Grytten i eit notat om saka.

- Har godt samvit Sanden avviser at han har truga og trakassert rådmannen.

— Eg har svært godt samvit for den jobben eg har gjort som ordførar dei siste to åra. Eg har aldri truga rådmann Bent Arild Grytten, sa Sanden under pressekonferansen, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

Sanden har no sendt eit brev til kommunestyret der han ber dei vurdere arbeidet han har gjort i samband med økonomiplanen og striden som har oppstått i kjølvatnet.

— Eg meiner rådmannen braut eit tillitsforhold, men eg har aldri truga han. Det var ikkje mi hensikt at han skulle bli sjukmeld. Det beklagar eg, seier Sanden.