Med røystene til Arbeidarpartiet, SV og KrF vedtok kommunestyret på torsdag ein endeleg kommuneplan for perioden fram til 2014, melder Kystradioen.

Høgrepartia meinte at vedtaket er til stort hinder for at folk får byggja utanfor bustadfelt.

Fleirtalet ville ta omsyn til innsigelsane frå landbruksstyresmaktene og la i det lange møtet vekt på politisk styring og allemannsretten.

Anne Sofie Pettersen i Arbeidarpartiet sa at dersom mindretalet hadde vunne fram, måtte kommuneplanen sendast til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd. (NTB)