Oslomannen Jon Flom eig om lag 180 meter av grunnen i elva Jølstra midt i Førde sentrum. Men då arbeidet med elveførebygging og bygging av ein gangsti ute i elva tok til på Floms eigedom, gløymde kommunen å varsle grunneigaren om inngrepet.

Etter at inngrepet var gjennomført, vende Flom seg til kommunen med krav om erstatning og at det måtte haldast skjøn etter vassdragslova. Førde kommune la seg straks flate, og erkjente tabben.

Får erstatning

No, halvtanna år etterpå, har formannskapet samrøystes godkjent ein avtale som er forhandla fram med Flom. For å sleppe eit dyrt rettsleg skjøn aksepterer Førde kommune ei minneleg ordning.

Jon Flom frå 50.000 kroner i erstatning. I tillegg betaler kommunen ei rekning på 28.000 kroner frå Floms advokatar. For Førde kommunen inneber avtalen at den spesielle gangvegen langs elvakanten blir liggjande.

500 meter lang

Utbygginga i elva gjennom sentrum var ein del av eit elveførebyggingsarbeid i regi av Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE). I samband med førebygging blei det laga ein gangveg, eller fiskesti som det også blir kalla, ute i elva. Kring ein tredjedel av gangstien blei bygt på elvegrunnen Flom eig.

Stien er ei to meter brei hylle murt av naturstein. Fiskestien går over ei strekning på kring 500 meter, frå Langebrua midt i sentrum til gangbrua ved den nye Hafstad vidaregåande skule. Arbeidet kosta 2,5 millionar kroner.

Flom-familien eigde tidlegare ein stor del av Sentrum Sør i Førde, men bortsett frå sjølve elva er dette i dag seld eller ekspropriert.