Simin Sabri, får korkje erstatning eller orsaking frå Bergen Bolig og Byfornyelse (BBB).

— Da eg leverte nøkkelen til husværet, avtalte vi at eg skulle ha bodnøkkelen for å rydde boden dagen etter. Men da hadde BBB fjerna alle tinga mine, fortel 42-årige Simin Sabri fra Baku. Ho arbeider som turnuslege i Bergen og kom til Norge med sonen i 2000. - Ikkje snakk om skrot

3. juli i år flytta ho ut og vaska ned det kommunale husværet ho leigde i fem år. Husnøkkelen leverte ho inn til BBB.

— Tinga var tydeleg av verdi, til dels heilt nytt. Blant anna to syklar, nytt hagemøblement i originalesker, ei nesten ny parabolantenne, ein ny ovn i eske, ein kjelke og ei rekke andre saker av affeksjonsverdi for oss, fortel ho.

— Mykje av det var nye ting vi hadde kjøpt til det neste husværet. Bildekka mine var det einaste eg klarte å få tilbake. Eg veit ikkje kor resten er blitt av.

I si skriftlege klage viser ho til husleigelova, og listar opp gjenstandane som er borte. Ho krev 20.000 kroner i erstatning frå det kommunale BBB.

Tar ikkje ansvaret

— Dette var ting med reell verdi, og slett ikkje skrot, seier ho. - Eg får store utlegg når eg må kjøpe nytt.

Men i sittt svar avviser BBB klagen fullstendig, og meiner dessutan at gjenstandane i boden stort sett var skrot:

«Tingene som stod her ble ikke vurdert som av særlig verdi.», skriv BBBs boligleder Steinar Hopland i avslaget.

Hopland hevdar i brevet at «Når nøkler til leiligheten er tilbakelevert, følger det at også boden er tilbakelevert». I brevet nemner han ingenting om nokon avtale, men skriv at BBB har store kostnader med å rydde etter folk som ikkje gidd å ta ting med seg.

«Skulle BBB tatt vare på alt som står igjen etter leietakere som har flyttet, hadde vi fått lagerkostnader i hundretusenkronersklassen hvert år. (...) BBB erkjenner ikke noe erstatningsansvar i denne saken.»

Affeksjonsverdi

Simin Sabri har også klaga saksbehandlinga inn for Byombudet i Bergen.

Her viser ho til avtalen om å hente tinga i boden dagen etter. At det finst andre leigetakarar som ikkje ryddar etter seg, meiner ho ikkje kan brukast som argument mot henne. Verdifastsetjinga står ho fast på, og kan vise til faktura på ein del. Uansett finn ho det urimeleg at BBB nedvurderer andre sine eigedeler etter sjølv å ha fjerna sakene.

— Eg var sliten etter flyttinga. Eg bad om ein ekstra dag kun for å rydde boden. Det var heilt i orden, sa BBB sin medarbeidar til meg. Da ventar eg ikkje slik behandling, og heilt utan beklaging, seier aleinemora. - Her må det vere nokon som har svikta i jobben sin, og det får eg lide for.

Nielsen, Rune