Bergen kommune har i ekspressfart lagt striden om Mildevegen bofellesskap død.

«Det er helt nødvendig at vi ser på hvordan de økonomiske ressursene fordeles og om de kan forvaltes bedre. Vi anser likevel turnusordningen ved bofellesskapet som svært gunstig både for brukerne og de ansatte, og vi vil fortsatt sette av ressurser for å kunne videreføre denne satsingen,» seier byråd for helse og omsorg Hilde Onarheim i ei pressemelding.

Var Solbergs stjerneeksempel

Autisten Helga Drange vart brukt av Erna Solberg under Høgres landsmøte i 2011, som eit kroneksempel på Høgres vellykka velferdspolitikk. Helga fekk eit nytt liv då bufellesskapet innførte oljeturnus i 2005.

Ho fekk berre åtte faste tilsette å forhalde seg til, med umiddelbar effekt: Ho vart mindre aggressiv, slutta å øydeleggje klede og dyner, tvangsbruken vart redusert til eit minimum.

I helga vart det kjent at Høgre-byråd Hilde Onarheim vurderte å skrote oljeturnusen, fordi han var for kostbar. Dei tilsette var informert, og oppfatta at avgjerda alt var tatt. Både tilsette og pårørande reagerte med sinne og vantru.

Snakka med ministeren i dag

Men saka var slett ikkje avgjort: I dag hadde byråd Onarheim møte med fagfolka i kommunen. Ho hadde også ein samtale helseminister Bent Høie, som på landsmøtet i 2011 lova at Høgre ville "lenke seg fast" for å forsvare oljeturnusen i Mildevegen.

Konklusjon: Ingeting skal endrast i turnusen, korkje for Helga Drange eller for den andre autisten i bufellesskapet som har same ordning.