• Denne festen oppfyller på ingen måte vilkåra for skjenking i eit slutta lag, seier kontorsjef Gro Gaarder ved kontoret for skjenkjesaker i Bergen kommune.

Ho er ikkje det minste i tvil om at alkoholserveringa som pågjekk i Gravdalsveien 11 laurdag var ulovleg og i strid med løyvet som selskapet «Positiv Fritid Bergen AS» hadde fått til det såkalla utdrikkingslaget.

— Vi fekk oversendt ei gjesteliste saman med søknaden. Alle gjester som ikkje stod på denne lista, skulle vore avvist i døra, seier Gaarder.

- Ligg utruleg tynt an

At BTs medarbeidarar hadde med eit opptrykt invitasjonskort er ikkje godt nok, seier kontorsjefen.

— Nei, det held ikkje. Det er heller ikkje godt nok at gjestene skriv seg på ei liste, seier Gaarder.

— Kva vil de gjere no?

— Desse folka ligg i alle fall utruleg tynt an dersom dei søkjer om nok eit skjenkjeløyve. Ambulerande løyve skal sjølvsagt ikkje brukast på denne måten, det har vi også gitt dei beskjed om, seier Gaarder, som aldri har vore borti tilsvarande saker før.

I skjenkjesøknaden oppgir Positiv Fritid Bergen AS at dei «holder alt innen for underholdning, selskapslokale, bursdager, bryllup med mer.» Dei varslar også at dei vil søkje om fast skjenking i Gravdalsveien 11 i nær framtid.

Ikkje godkjent lokale

Heller ikkje byggjesaksavdelinga i kommunen er kjent med at Gravdalsveien 11 er i bruk som klubb og selskapslokale.

— I våre papir er dette oppført som eit forretningsbygg. Dersom det skal brukast som forsamlingslokale eller skjenkjestad, må det søkjast om bruksendring, seier seksjonsleiar Jan B. Mjelstad.

Ein slik søknad finst det ingen spor av i kommunens arkiv. Ei bruksendring krev både at grannane skal varslast og at rømmingsvegane blir godkjent.

Bergen brannvesen var på inspeksjon i lokala i januar, men det einaste dei gjorde då, var å slå fast at ein skorstein ikkje var i bruk.

— Bygningen er godkjent som uspesifisert butikkbygg. Dersom det hadde vore eit forsamlingslokale, ville det vore registrert som eit eige brannobjekt, seier feiarmeister Trond Grindheim i Bergen kommune.