OLAV GARVIKolav.garvik@bt.no Gamleordføraren i Lindås er overtydd om at kommunestrukturen nord på strilelandet står for fall. Styringssystemet er forelda. Noko drastisk må gjerast, meiner han.Næringslivet og dei unge er hemma av eit kommunemønster som vart laga i 1964. Seks sjølvstendige kommunar er kanskje fem for mange, er spørsmålet som heng i lufta. Men han vaktar seg vel for å seia rett ut at Lindås, Meland, Masfjorden, Radøy, Austrheim og Fedje bør slåast saman til ein kommune med drygt 27.000 innbyggjarar. Dumt å provosera Den garva senterpartimannen veit betre enn dei fleste kva kjensler som rører seg så snart nokon vil tukla med grenser og sjølvstyre. Det er berre dumt å provosera og få folk til å gå i vranglås. Derfor er det ein fri og open debatt om samarbeid på tvers av kommunegrensene han førebels legg opp til.I eit par års tid har han prøvt å få Regionrådet i Nordhordland til å ta debatten på alvor. Men reaksjonen og interessa hos ordførarane har vore så som så, sukkar han. Engstelege for å tapa — Dei som held att og nøler, er helst frå kommunar som er engstelege for å tapa på ei endring, seier Vike til BT.- Vi må ta konsekvensen av at kommunikasjonane har endra seg radikalt det siste tiåret her i regionen. Nye vegar, bruer og data har gjort Nordhordland til ein arbeidsmarknad, seier Vike som har bak seg ti år som ordførar og 28 år i formannskapet. Han appellerer særleg til dei unge som etter hans skjønn ikkje tviheld på gamle kommunegrenser. Behov for seks rådmenn? I deira perspektiv er det nødvendig å få frigjera ressursane i lokalsamfunnet for å få betre tenester innan omsorg og skule. Då er det slett ikkje sikkert at seks rådmenn er god kommuneøkonomi i Nordhordland. Jostein Vike er uroleg for kommuneøkonomien på lengre sikt. Mange kommunar har berga seg ved å selja unna aktiva, t.d. kommunale kraftselskap. Det skal ikkje mykje til før ein er skikkeleg på felgen. Som smør på flesk - Aller helst ønskjer du ein nordhordlandskommune?- Det er eit av alternativa. For meg er det viktigast å finna ei styringsform som er i samsvar med den tida vi lever i. Meir interkommunalt samarbeid kan sjølvsagt rg vera ei løysing, men det er ei grense for kor langt ein kan gå. Den type samarbeid ligg ofte på sida av kommunestrukturen og er nesten som smør på flesk, seier Vike.