Mandag kveld er det folkemøte i Naustdal om dei omfattande planane om å vinne ut mineralet rutil frå Engebøfjellet. I underkant av 200 personar er møtte fram på Naustdal barne— og ungdomsskule.

På møtet gjekk kommunens sakshandsamar, Annlaug Kjelstad, langt i å så tvil om dei sterke innvendingane som har kome frå havforskarane.

— Vi meiner dei ikkje har dokumentert den tvil dei har peika på.

Ordførar Håkon Myrvang (Ap) la i si innleiing vekt på arbeidsplassane tiltaket vil skape.

— Vi snakkar om 170 direkte arbeidsplassar, og 200 indirekte.

Onsdag er det kalla inn til eit tilsvarande folkemøte i Askvoll. Det er selskapet Nordi Mining ASA som står bak dei omstridde planane.

Bakgrunnen for folkemøta er at dei to kommunane no arbeidet med ein reguleringsplan for rutilutvinnninga.

Selskapet Nordic Mining som skal vinne ut rutil, ønskjer å dumpe store mengder sandstøv i Førdefjorden. Dei siste månadene har det kome nye og til dels motstridane rapportar om konsekvensane av eit slikt fjorddeponi.

Forskarar frå NIVA, Havforskingsinstituttet og Det Norske Veritas hadde innlegg, før det blei opna for spørsmål og innlegg frå salen.

Les også: Når gjordene gråner

Synspunkt på saka? Sei meininga di.