— Likviditetskrisa i kommunen er alvorleg, seier rådmann Vidar Roseth.

— Einaste utvegen me har til å få betalt ut lønningar i oktober, er å ta opp dyre kassakredittlån i banken, seier Roseth til Sogn Avis.

78 under oppsyn

I Kommunaldepartementet får bt.no opplyst at Balestrand er ein av i alt 78 kommunar som førebels er hamna i eit register over kommunar som er under såkalla betinga «kontroll og godkjenning» av Fylkesmannen.

Det er eit rådyrt lønnsoppgjer i år, som kommunane forhandla om og aksepterte under tingingane med dei tilsette, som no altså fører til at dei risikerer ikkje å få løna si i Balestrand kommune. Alternativet for kommunen blir å ta opp eit dyrt kassakredittlån, ifølgje rådmannen.

— Departementet får orientering frå fylkesmennene om tilstanden i dei 78 kommunane under betinga oppsyn. Men spørsmålet om godkjenning av kassakreditt, for å låne seg ut av likviditetskrisa for å makte lønnsutbetalingane, blir behandla av fylkesmannen og kjem ikkje til departementet som sak, seier Roger Iversen, personleg rådgivar for kommunalminister Erna Solberg.