Det er Nordfjord tingrett som i ein dom har gitt kommunen tre månader på å fjerne toalettbygget. Retten meiner det er ulovleg oppført.

Eigaren av Yris hotell, Winnie Yri, gjekk til sak mot kommunen etter at bygginga tok til våren 2001

Grunnen er at kommunen, på eit skøyte frå 1957, har skrive under på at det ikkje skal setjast opp bygg på plassen framfor den verna bygningen.

Retten har gitt Yri fullt medhald, og kommunen må også dekke hennar sakskostnader på kring 76.000 kroner.

Toalettbygget er ført opp i betong med naturstein på ytterveggene, og er uråd å flytte. Kommunen vil no vurdere om dei skal anke avgjerda.