Det var hausten 2000 at politikarane i Gloppen kommune med knappast mogeleg fleirtal vedtok å ikkje gje Sandane hotell løyve til å skjenke gjestene sine brennevin.

Miste julebordsesongen

Men ein ting visste korkje ordførar eller rådmann då saka var oppe. Nemleg at Høgre-politikaren som var tunga på vektskåla under avrøystinga, også var styreformann i nabohotellet — argaste konkurrent for Sandane hotell. Vedtaket i kommunestyret var nemleg gjort med ein stemmes overvekt. I Nordfjord tingrett kravde Sandane hotell kommunen for totalt rundt 250.000 kroner i erstatning og rentetap. Det tapte skjenkeløyvet vart i si tid innklaga til Fylkesmannen, som i sin tur oppheva vedtaket på grunn av inhabilitet. Dermed fekk hotellet spritløyvet tilbake, men meiner å ha hatt eit solid tap i den tre månader lange perioden dei var utan skjenkerett for brennevin. Hotelle opplevde markant svikt i både mat og overnatting, samt at dei miste heile julebordsesongen.

Med til historia høyrer også at både rådmann og formannskap i september 2001 ville gje hotellet 150.000 kroner i erstatning, men kompensasjonen vart stoppa i kommunestyret med 19 mot 13 røyster.

Kostar kommunen 210.000

Nordfjord tingrett fastslår at kommunens vedtak om å nekte hotellet brennevin er ugyldig på grunn av inhabilitet, og truleg også på grunnlag av forskjellsbehandling.

Nabohotellet, der Høgre-representanten var styreleiar, hadde komplett skjenkeløyve. Retten slår vidare fast at kommunen har brote heilt sentrale reglar for saksbehandling, og kommunen er dermed ansvarleg for eventuelt økonomisk tap hotellet har hatt som følgje av vedtaket. Her finn retten det prova at iallefall deler av det økonomiske tapet hotellet har dokumentert dette året, må skuldast det manglande spritløyvet. Men retten går ikkje med på at tap av overnatting skal kompenserast, fordi dei fleste julebordgjestene uansett var lokale.

Retten meiner det er uråd å berekne det økonomiske tapet nøyaktig, men finn utfrå ei skjønsmssig vurdering at tapet kan setjast til 100.000 kroner. Inkludert renter og sakskostnader på nesten 90.000 kroner, vil denne affæren dermed koste Gloppen kommune omkring 210.000 kroner.