Kommunane har fått pålegg frå Statens helsetilsyn om å ha klar ein plan innan 1. oktober.

Assisterande rådmann i Meland kommune, Kari Anne Iversen seier til avisa Nordhordland at dei føler kritikken er urettferdig.

— Vi har fått skriftleg melding om at vi ikkje treng eigen plan dersom innhaldet er fanga opp i andre kommunale planar, og det er i stor grad situasjonen i Meland, seier ho.

Iversen legg til at dei skal ha klar ein beredskapsplan inne fristen.

I tillegg til å lage ein plan for korleis dei skal handtere ein krisesituasjon i til dømes ein krig, må kommunane også ha gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse for kva dei skal gjere ved til dømes straumsvikt eller brann på sjukeheimen.

Planen skulle ha vore ferdig for to år sidan. Iversen grunngir det med manglande kapasitet og annan prioritering av styresmaktene.

— Mangel på slike planar inneber ein auka risiko for skadelege følgjer for innbyggarane, seier Geir Sverre Braut, assisterande direktør i Helsetilsynet til Nordhordland.

Det er til saman åtte kommunar i Noreg som har fått pålegg om å utarbeide beredskapsplan.