TERJE ULVEDAL

— I dag er det ein stadig balansegang mellom dei rettane innbyggjarane har, og det kommunane faktisk er i stand til å levere, meiner fylkesmann Oddvar Flæte.

I eit brev til Kommunaldepartementet krev Fylkesmannen auke i skjønnsmidlane for 2005. Dette er midlar fylkesmannen har ansvaret for å dele ut til kommunar som slit økonomisk.

— Det er nødvendig med skjønnstilskot som monnar. Vi ønskjer ikkje midlar til fleire utgreiingar, vi ser kva som er situasjonen og må no komme over i ein handlingsfase, krev fylkesmannen.

Pyntar på rekneskapen

I følgje eit oversyn fylkesmannen har laga, hadde kommunane i Sogn og Fjordane eit akkumulert underskot på heile 143 millionar kroner ved utgangen av 2002. Like fram til 2001 var det plusstal i rekneskapane, og utviklinga i 2001 og 2002 har vore dramatisk.

I følgje Fylkesmannen står det verre til enn det tala viser. Til Bergens Tidende seier rådgjevar Gerd Fløde Bjørlo at det finst døme på kommunar som pyntar på rekneskapen for å unngå underskot. Eit eksempel er ein kommune som har skrive opp aksjeverdien på urealiserte kraftaksjar:

— Vi ser at kommunane gjer disposisjonar som dei i ein normal situasjon ikkje ville gjort, seier Fløde Bjørlo.

Heile 15 av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane er no i praksis underlagt statleg kontroll. Fleire av desse har fått budsjettet i retur, og står framleis, når ein tredjedel av året er gått, utan godkjent budsjett.

Nektar lån

— Vårt ansvar er det økonomiske, men for å få budsjett i balanse ser vi jo at kommunane kuttar i tenestetilbodet. Vi har også hatt fleire saker der vi har nekta å gje kommunar lånegodkjenning. No i det siste gjeld dette mellom andre Jølster, Gloppen og Vik, seier Fløde Bjørlo.

Fylkesmannen viser også til at fire-fem relativt godt forspente kraftkommunar dreg om gjennomsnittet kraftig. Dette gjer at situasjonen til dei mange kommunane som verkeleg slit, ikkje kjem godt nok fram.

— Dette er ikkje første gongen at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slår alarm om kommuneøkonomien, Gerd Fløde Bjørlo?

— Nei, dei siste åra har vi vel forsøkt kvart år.

— Har det hjelpt?

— Vi må jo ha trua på at det. Og vi har i alle fall ikkje fått mindre midlar.