Begge dei to kommunane i Sogn og Fjordane har investert konsesjonskraftinntektene sine etter råd frå meklarhuset Terra. Verdien av investeringane har stupt siste vekene, og er no nede i vel 70 prosent av pålydande. Summen det blei kjøpt obligasjonar for i sommar, har krympa til kring 150 millionar parallelt med den veksande krisa i amerikansk økonomi.

Fylkesmann Oddvar Flæte seier han i går bad om å få oversendt avtalane.

— Vi er i ferd med å samle inn data, og vil be Kommunaldepartementet gjere ein gjennomgang, seier Flæte.

Slepp garantikrav

Etter det Bergens Tidende forstår har Bremanger og Vik likelydande avtalar. Sunnfjordkommunen Bremanger kjøpte obligasjonar for 170 millionar, sognekommunen Vik handla for 38,5 millionar. Som i Nordland er det inntekter frå konsesjonskrafta som er brukt. I begge tilfella var politiske organ orienterte om avtalane.

I motsetnad til dei fire kraftkommunane i Nordland, som har spekulert for over ein halv milliard kroner, meiner Bremanger og Vik deira avtalar gjer at dei slepp innfri garantikrav ved verdifall. Nordlandskommunane har no frist til fredag med å innfri eit krav på 23,4 millionar.

— Terra har opplyst til oss at det i vår avtale ikkje er punkt som utløyser garantikrav, seier rådmann Nils Geir Myrkaskog i Vik.

Tvilande professor

Det tvilar professor Thore Johnsen ved Norges Handelshøyskole (NHH) på. Ifølgje Finansavisen tolkar han prospektet slik at kommunane vil få krav om innfri garantiar dersom verdien på obligasjonane fell til 60 prosent.

— Terra har undersøkt dette med den amerikanske banken som har fondet vi har gått inn i. Tilbakemeldinga vi fekk i dag er at vi ikkje vil få noko garantikrav, sa økonomisjef Reidar Håvardstun i Bremanger til Bergens Tidende i går ettermiddag.

— Stolar du på det?

— Situasjonen er slik at Kommunaldepartementet, og sannsynlegvis også Kredittilsynet, no skal vurdere desse avtalane. Vi ventar difor på avklaring dei vil kome med.

- Tryggare avtale

Rådmann Myrkaskog meiner pengane dei har satsa i den amerikanske fondsmarknaden, står tryggare enn dei fire nordnorske kommunane.

— Våre obligasjonar er ikkje bundne opp mot rotne amerikanske bustadlån. Vi har investert i eit fond retta mot amerikanske kommunar. Avtalen gjeld for ti år, og vi er innstilte på å ha pengane ståande så lenge, seier Myrkaskog.

I Bremanger delar økonomisjef Håvardstun dette synet:

— Etter vårt syn garanterer avtalen at vi i 2017 minst får tilbake pengane vi har kjøpt obligasjonar for.

Kommunalt ansvar

Fylkesmann Oddvar Flæte seier dei så langt ikkje har kunnskap til å seie om kommunane har gjort noko gale. Men han understrekar at kommunane ikkje skal ta vesentleg risiko med innbyggjarane sine midlar.

— Kommunane har stor fridom, men det inneber også eit stort ansvar.

Fylkesmannen var ikkje kjend med avtalane.

TAR AFFÆRE: Fylkesmann Oddvar Flæte ber Kommunaldepartementet vurdere obligasjonskjøpet til kommunane Vik og Bremanger. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH