— Det blir 100.000 kroner om eg lever i 20 år til, seier 67-åringen.

Notnæs skjøner lite av korleis NAV i Arna har rekna seg fram til pensjonen han kan vente seg når han i april går av som driftssjef ved Arna yrkesskule.

Utrekninga viser følgjande årsinntekt på starten av 1970-talet:

— 1970: 30.400 kroner.

— 1971: 3.300 kroner.

— 1972: 35.400 kroner.

— Du har vel ikkje jobba det året, sa dei til meg. Men eg har vore i arbeid i 52 år, og aldri vore arbeidsledig. Dei må forstå at dette er ein kommafeil, seier Odd Notnæs.

Bevis frå arbeidsgjevaren

Arbeidsgjevaren i 1971, Hjelle bakeri, stadfestar at Notnæs var tilsett på bakeriet heile året.

«Hans lønn var kr. 33.300,-», skriv eigaren i ei stadfesting til trygdeetaten. Også rekneskapsføraren, Arna Regnskapskontor, stadfestar dette.

— Eg bygde hus i 1966, og ville blitt kasta på gata om eg i 1971 hadde tent så lite som dei hevdar, seier Odd Notnæs.

Likningsmyndigheitene har til no ikkje dokumentert overfor Notnæs at inntekta var låg i 1971. I staden er 67-åringen vist vidare til statsarkivet i Bergen.

Men der ligg skattelistene frå Arna berre fram til 1970. «Vi kan derfor dessverre ikke finne noen opplysninger fra 1971», skreiv arkivet til Notnæs i desember.

Finn ikkje tala

— Eg har bede NAV om å vise meg kor dei har henta talet frå, men papira er tilsynelatande borte vekk, seier han.

Den oppførte inntekta i 1971 svekkjer pensjonsgrunnlaget så mykje at den månadlege trygda blir 400 kroner lågare, har Notnæs fått opplyst hos NAV.

Trygdesjef i Arna, Kari Soltvedt, seier dei gjerne skulle hatt ei lønsoppgåve frå 1971.

— Vi prøver å nøste opp i dette, men det er frykteleg vanskeleg. Vi finn ikkje tala, fortel ho.

Soltvedt understrekar samtidig at alle har eit ansvar for å sjekke at likningstala år for år er riktige.

— Kvifor er ikkje stadfestinga frå arbeidsgjevaren bevis nok?

— Den kan vi ikkje ta standpunkt til, derfor må vi sende saka vidare. Juristar må vurdere om det er mogeleg å endre desse tala, seier Soltvedt.

- Gode rutinar

Det betyr at saka går vidare til NAV sentralt. I ein e-post til Bergens Tidende seier Lise Olsen, direktør i Arbeids- og velferdsdirektoratet, at dei ikkje kan uttale seg om denne saka konkret.

— Men saker vi får frå brukarane blir vurdert fortløpande, fortel ho.

På generelt grunnlag seier Olsen følgjande:

— Arbeids- og velferdsetaten får informasjon om pensjonsgjevande inntekt elektronisk frå Skatteetaten. Den pensjonsgjevande inntekta er berekningsgrunnlaget for pensjonen som blir utbetalt. Dette er ein godt innarbeida rutine mellom etatane.