Desember er den klart verste brannmånaden. 50 prosent fleire bustader brenn denne månaden enn elles i året, ifølgje Norsk brannvernforening.

Aller hyppigast brenn det i tida frå vesle julaftan fram til og med nyttårsaftan. Julematen får sin del av skulda.

— Me lagar meir mat i jula, og gjerne også mat som me ikkje lagar elles i året. Samtidig stressar me med alt det andre som må ordnast, noko som gjer oss mindre merksame under matlaginga, seier Dagfinn Kalheim, administrerande direktør i Norsk brannvernforening.

Rusa på alkohol

Tørrkoking og overoppheting var årsak til 122 bustadbrannar i fjor. Mange av komfyrbrannane byrjar fordi personen som lagar mat er rusa på alkohol. Rusa personar er mindre merksame, og har lettare for å sovna frå det heile. Har ein drukke, bør ein derfor overlata matlaginga til ein som er edru.

Levande lys er den andre store julebrannfella, som i 2004 var årsak til 54 bustadbrannar. Det norske folk tenner flest lys pr. innbyggjar i Europa, totalt tende me 17 millionar lys berre i fjor.

Oppheta julelys

Elektriske smålys i juletre, adventsstakar og juledekorasjonar er nærast obligatoriske i norske juleheimar, og er med på å gi oss den rette stemninga. Dette aukar brannfaren ytterlegare.

Tradisjonelle elektriske julelys består av ei mengd smålamper som er seriekopla. Når ei av lyspærene ryk, oppstår ei forbikopling i sokkelen på pæra som gjer at resten av lyspærene byrjar å lysa med auka styrke. I verste fall kan dette føra til overoppheting og brann.