— Det var for seint å ta flyet ned att på flystripa. Difor måtte eg berre la flyet gå rett fram mot eit lite jorde ved Flyplassvegen. Som glideflygar er ein trent til heile tida å sjå etter alternative landingsplassar. Der klarte eg å løfta nasen på flyet slik at halen tok bakken først, og tok av for støyten, seier Erik Klette.

Snakk om sekundar

— Kva tenkte du då motoren stogga?

— Eg tenkte ikkje noko då. Det er snakk om fem sekund, og då er det ikkje tid til å tenkja. Vi har drilla mykje på slike situasjonar, og eg handla på rein refleks. Men eg var glad då eg kom ut og kjende eg var heil, seier Klette.

Han trur det fort kunne gått mykje verre med ein utrent pilot, sjølv har han berre ein ørliten kul i hovudet etter å ha stanga opp i glastaket.

— Det gjekk verre med taket, det er knust, seier Klette som er leiar i Dyrvedalen langflygarlaug. Langflygarlauget organiserer dei flyglade vossingane som likar lange turar med glidefly, gjerne Voss-Sandane og attende.

Erfaren pilot

Erik Klette er ein erfaren pilot og instruktør i åtte år, med rundt 600 timar bak seg i lufta og 1000 landingar. Flyet, som Klette sjølv eig, er eit såkalla motorglidefly. Det har ein liten motor som berre vert nytta for å vinna høgde. Når flyet er oppe vert motoren vippa inn, og det fungerer som eit vanleg glidefly.

Ifølgje Klette svikta motoren på det verst tenkelege tidspunktet. Han stogga i dei få kritiske sekunda då det ikkje lenger er råd å ta flyet ned att på rullebanen, og før det har vunne høgde nok til å fungera som glidefly.

Vil fly att

— Før flyet har vunne 100 meter høgde er instruksen at ein ikkje skal freista å snu, men berre prøva å halda farten oppe og finna ein landingsplass, seier Klette.

Han veit ikkje kvifor motoren svikta, men fortel at han hadde gått gjennom alle sjekkrutinar som vanleg, og at motoren hadde vore i gang i ein halvtime då han skulle ta av.

— Kjem du til å fly att?

— Ja, eg har ingen problem med det, seier Klette. Dyrvedalen langflygarlaug er no utan fly, men så lenge leiaren er like heil er det ein bagatell. Flyet var forsikra, og anten det må kondemnerast eller kan reparerast reknar entusiastane med å vera på vengjene att til våren.

HARD LANDING: Motorglidaren til Erik Klette fekk hard medfart, og det er uvisst om det må kondemnerast etter naudlandinga ved 14.00-tida i går.<p/>Foto: RUNE SÆVIG