Krisesentra landet rundt har dei siste åra opplevd dramatisk auke i utanlandske kvinner som søker hjelp og vern mot sine norske menn. Ved krisesenteret i Florø var over halvparten av fjorårets bebuarar utanlandske. Blant dei ei vever lita norskgift kvinne med ei hjarteskjærande historie i bagasjen.

Kontakt på internett

— Eg var ung, hadde arbeidd svært hardt med utdanning og aldri hatt tid til kjærastar. Og så gjorde eg eit feilgrep som eg må leve med resten av livet, seier thailandske «Nona» til Bergens Tidende. Den kvikke, velutdanna vesle kvinna reiste rett frå ein attraktiv jobb i Lufthansa i Bangkok til eit privat helvete i ein kommune på Austlandet.

Feilgrepet hennar var å knyte nærare kontakt med den norske mannan ho fekk sympati for i eit chatroom på internett januar 2000, at ho gjekk med på å treffe han då han kom til Thailand om sommaren, at ho gifta seg med han før dei begge returnerte til bustaden hans.

Der viste det seg at mannen i 30-åra, som har ein mindreårig son frå før, budde heime hjå mora. «Nona» fortel at ho måtte utføre alt husarbeid og pass og stell av barnet, samstundes som ho vart regelrett terrorisert av svigermora.

— Mannen min prøvde aldri å ta meg i forsvar, og var også med på dei psykiske og fysiske overgrepa, seier den vevre kvinna.

Svikta av politiet

«Nona» sit framoverbøygd i stolen og fortel, medan ho utan stans drar og vrir på strikkelua ho har mellom hendene. Detaljar om korleis ho vart halden anten innesperra eller kontrollert heile døgeret, korleis svigermora hakka på alt ho gjorde, om raseriutbrota og mishandlinga.

— På slutten var eg heilt nedkøyrt, og prøvde som ein siste utveg å ringe politiets nødnummer. Men etter berre nokre få ring tok dei telefonen frå meg. Eg prøvde på nytt to gonger, men nok ein gong vart eg overmanna og fratatt røret før det svarte, fortel ho.

— Men hjå politiet hadde dei registrert anropa, og ringte tilbake og spurte om nokon hadde ringt nødnummeret. Medan mannen min snakka med politiet, vart eg halden i naborommet. Men eg ropte om hjelp så høgt at politiet høyrde det i telefonen.

Dermed troppa ei politipatrulje opp i stova hjå familien, og «Nona» trudde ho var berga.

Men «Nona» vart svikta av det norske politiet.

- Politiet ba meg sove litt!

— På denne tida kunne eg omtrent ikkje eit ord norsk, men politifolka snakka berre norsk med mannen og svigermor mi. Eg forsto ikkje kva dei sa, men så bad politifolka meg om å sove litt. Eg sjølv fekk ikkje sagt noko som helst. Eg vart heilt forferda då politifolka berre drog sin veg, fortel «Nona».

Då ho til slutt klarte å flykte for godt, hadde ho ein periode på eit krisesenteret og ein ufrivillig abort bak seg. Mannen ville ikkje ha barn.

«Nona» hadde kjente i Førde, der ho prøvde å etablere seg på nytt. Ho skaffa seg plass på språkkurs og skaffa seg tre ulike jobbar innan vask og servering. Men opplevingane var for sterke å bere på, og ho braut saman. Etter legebehandlinga i Førde søkte ho hjelp hjå krisesenteret i Florø i november i fjor.

- Nokon må stoppe han

Her var ho ei av 11 utanlandske såkalla postordrebruder som søkte ly i fjor. Dette utgjorde over halvparten av dei som budde ved senteret.

I dag er «Nona» på beina igjen, og har framleis fleire jobbar. Ein vaskejobb, og to ved bedrifter i Førde der ho møter og omgåast folk.

«Nona» har no fått gode, fortrulege vener både på Austlandet og i Førde. Ho har arbeid ho trivst med, har lært seg norsk. «Nona» er ressurssterk, men ber klart preg av det som har skjedd. Å reise heim er ikkje mogeleg etter det som har skjedd, korkje med tanke på jobb eller slektingar.

Men via andre veit «Nona» at mannen hennar framleis er aktiv på chat'en, og at han planlegg ein ny tur til Thailand i påsken. Sjølv har ho skaffa seg advokat, og har meldt han til politiet for overgrepa.

— Eg håpar berre at nokon kan setje ein stoppar for folk som driv på denne måten. Det er kun derfor eg vil fortelje kva eg sjølv har opplevd. Nokon må stoppe dette, seier ho.

SVIKTET AV POLITIET: Til slutt kom politiet. – Eg fekk ikkje sagt noko som helst til poltifolka. Eg vart heilt forferda då dei berre drog sin veg, fortel «Nona».
Foto: Oddleiv Apneseth