Victor Norman var i går den bortkomne sonen som endeleg hadde kome heim. Etter den førebels siste av ordførarens cowboy-fraser, entra Norman den vesle scenen på plassen utanfor Norges Handelshøgskule (NHH).

Til trampeklapp frå studentane opna Norman årets Uken-arrangement, med vitsar om si tid som statsråd.

— Nokon vil seie at livet ikkje berre er ein dans på roser, men det har òg rikeleg med piker, vin og piano. Champagne og kaviar er godt nok, men ein god Chablis er heller ikkje å forakte, sa den heimvende rektoren og hausta latter i kulden.

Mobbing

Etter litt hylling av studentane og Uken vart Norman så alvorleg. Norman hadde nyleg høyrd eit foredrag av professor Ståle Einarsen om mobbing, som tydelegvis hadde gjort stort inntrykk.

— Han sa at den mest grunnleggjande forma for mobbing er utstøyting, at du blir isolert på jobben, ved kantinebordet. Og det er, sa Einarsen, den mest umenneskelege behandlinga som finst. Fordi vi menneske er eit flokkdyr, sa Norman.

Utan å utdjupe om han sjølv hadde blitt utsett for slikt i si tid som statsråd, held Norman fram i same tonen:

— Som tilbakevendt, skadeskoten ex-statsråd er revyen i kveld noko av det eg gler meg mest til, sa Norman, som tykkjer det er fantastisk å vere tilbake.

— Heilt strålande, seier han.

Tek permisjon

Sjølv om Norman kom tilbake til sine eigne i går, skal han ikkje gå tilbake til rektorgjerninga med det første.

— Eg har søkt permisjon fram til sommaren. No skal eg setje meg ned framfor pc-en og systematisere mine erfaringar, så får vi sjå kva som kjem ut av det, seier Norman, som òg skal bruke tida til å oppdatere seg fagleg.

Han insisterer på at han ikkje veit kva det blir av skrivinga, og nektar for at det er tale om noko politisk memoarbok.

— Det vil bli mine erfaringar ut frå ein fagleg synsvinkel, seier Norman.

Han hevdar han ville gått inn i regjeringa, sjølv om han hadde visst at det skulle bli så turbulent:

— Hadde eg visst det eg veit no då eg vart spurt om å bli statsråd ville eg svart akkurat det same.

DEN HEIMVENDE SONEN: Victor Norman vart møtt med trampeklapp då han opna Uken på NHH. Men han går ikkje tilbake til rektorstolen med det første. Fram til sommaren tek han permisjon for å skrive om tida i regjeringa.<br/>Foto: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN