Dei fire utanlandske mennene skulle ha sin aller første arbeidsdag ved skipsverftet STX i Florø, då dei blei avslørt med promille. Dermed vart arbeidslaget sendt på første fly heim, melder Firdaposten.

Leiinga ved verftet har innført eit nytt kontrollregime, der dei tek hyppige prøver av dei tilsette.

Hyppige stikkontrollar

– Vi har hatt mistanke om alkoholpåverka folk på jobben, og gjennom Arbeidsmiljøutvalet i bedrifta vedtok vi å innføre alkotest inne på området, seier STX-direktør Kjetil Bollestad.

Mistankar stammar frå tips frå eigne tilsette, som har fortalt om alkohollukt frå kollegaer. No blir det tatt stikkprøver av tilsette både om morgon, ettermiddag og kveld.

– Førebels har vi ikkje hatt nokre ulykker, men dette er ein stor og farleg arbeidsplass, der det er viktig å ikkje ha rusa folk, seier Bollestad.

Innleigd frå utlandet

Dei fire innleigde arbeidarane som blei avslørt kom til Florø kvelden før, og møtte til jobben med promille morgonen etter. Dei måtte snu i døra før dei kom i gang med arbeidsoppgåvene. Leiinga ved STX vil ikkje opplyse kva land arbeidarane kom frå, men ifølge Firdaposten er dei heimehøyrande i Polen.

Ifølgje Bollestad er det første gong nokon har fått sparken på denne måten i bedrifta. Til saman er 250 personar testa for alkohol.

Han håper avskjeden av dei fire utanlandske arbeidarane har ein preventiv verknad.

Sjølv testa

Direktøren seier at dei vil halde fram med stikkprøver og rutinekontroll.

– Alle underleverandørane våre, samt eigne tilsette, ser positivt på at vi tek tryggleiken på alvor. Dei tilsette har blitt godt informerte, og det har ikkje vore kritikk mot testinga, seier han.

Han har sjølv blitt testa, og kan fortelje at det gjekk greitt.

STX