Både den drapssikta 61-åringen og sonen hans (26) har oppgjeve eks-sambuarens drukning som motiv for å oppsøkje Hvidevold. Etterforskinga til politiet gjev ikkje grunnlag for å hevde at han hadde noko med dødsfallet å gjere.

Den sikta klarte likevel aldri å forsone seg med at det berre var ei ulykke.

Kontakta politiet

Alt i Bente Bjørgens gravferd i november 2003 heldt den drapssikta 61-åringen ein lang minnetale som av fleire blir hugsa som noko spesiell.

Talen varte uvanleg lenge, den sikta tok seg god tid og sa mykje fint om den avdøde kvinna.

— Men det var ein slags bitter undertone, som om han meinte at det var noko som ikkje stemte, seier ein av dei som høyrde talen i gravferda.

Bergens Tidende kjenner også til at sikta etter drukninga i 2003 har vore hjå politiet i forsøk på å skaffe seg innsyn i etterforskinga.

Fleire har hevda at politiet ikkje etterforska dødsfallet i 2003 grundig nok..

Overfor Bergens Tidende opplyser politiet i Austevoll at drukninga vart etterforska på vanleg måte, og at det ikkje var noko som tydde på at noko kriminelt låg bak.

Minnemarkering

Drapet sist veke har naturleg nok skaka det vesle øysamfunnet Halsnøy, der senteret Sæbøvik har rundt 700 innbyggarar.

Laurdag kveld hadde folk ei spontan minnemarkering for den drepne Hvidevold. Ved oppgangen til huset blei det tent lys, og svært mange av innbyggarane var samla.

Prest Terje Nag har merka at folk er prega av drapssaka. I går heldt han to barnedåpar på føremiddagen, og deretter ei familiegudsteneste om ettermiddagen.

— Eg nemnde denne tragedien heilt kort i staren av gudstenesta. I og med at dette var ei familiegudsteneste med mange barn til stades, fann eg det ikkje naturleg å gå så mykje inn på dette saka, seier Nag til Bergens Tidende.

Gudstenesta var godt besøkt med over hundre menneske til stades, opplyser Nag.

— Mitt inntrykk er at folk tykkjer det er svært trist det som har skjedd, seier han.