I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2004, opna Stortinget for at eksterne aktørar kan stille midlar til disposisjon for kolonnekøyring på rv 50 Aurland — Hol når rv 7 over Hardangervidda er stengd.

Hol kommune har no stilt midlar til disposisjon, slik at det vert høve til å opna for kolonnekøyring, melder Statens Vegvesen i en pressemelding.

Det er forhandla og inngått avtale med entreprenør, og frå og med 12. februar kan det køyrast kolonne på rv 50 Aurland - Hol når rv 7 er mellombels stengd.

Rv 50 vil framleis bli nattestengd, og kolonnekøyring vil såleis berre vera aktuelt innanfor opningstida frå klokka 0800 til 2200.