JOHN LINDEBOTTEN

— Grunnen til stenginga er at Helletunnelen og Dalevågtunnelen skal sprengjast opp til såkalla fri høgd, som er 4,5 meter. Arbeidet vil halda på fram til 1. mars 2006, og prisen er rekna til 100 millionar kroner, seier informasjonskonsulent Synnøve Lien i Statens vegvesen til Bergens Tidende.

Strekninga som vert stengt ligg mellom Stanghelle og Dale. Synnøve Lien opplyser at tunnelarbeidet vil pågå på ettermiddags-, kvelds- og nattetid utan opning for trafikk. Stengjetidene er slik:

Måndag-fredag 15.15 - 06.45

Fredag 18.30 til laurdag 10.00

Laurdag 15.00 til søndag 10.00

Søndag 18.30 til måndag 06.45

— Dette betyr at strekninga med dei to tunnelane er open for all trafikk på dagtid, seier Synnøve Lien.

I stengjetidene må tungtrafikken som skal forbi køyra Rv. 7 om Hardanger. For småtrafikk vil entreprenøren, som er Mesta, organisera kolonnekøyring på gamlevegen, som stort sett berre har ei køyrebane. Maksimumskrav for å vera med her er 3,5 tonn totalvekt, 8 meters lengde, 2,2 meter breidde og 3 meter høgde.

— Gamlevegen er opprusta og sikra mot jernbanen no i sommar, brua er sett i stand, men det er likevel ikkje tilrådeleg å la småtrafikken køyra fritt på denne vegen. Her er skuleborn undervegs og turgåarar. Difor vert det sett opp kolonnar med førarbil kvar halve time.

— Heile kvelden og natta med?

— Vi vil prøva oss fram og sjå kor langt utover det er naudsynt med organisert kolonne, seier Lien.