Den mannlege bilføraren var på veg mot Sund då han mista kontrollen over kjøretøyet sitt. Bilen var først utfor vegen på høgre side og traff ein fjellknaus før den skar over vegen og kolliderte med ein bil som kom motsatt veg.

Den kvinnelege sjåføren i den bilen klaga på smerter i nakken, men var elles uskadd.

Bilisten som var årsaka til ulukka er ein gammal kjenning av politiet og ein har mistanke om at han kjørte i rusa tilstand, melder Sotra nett.