OVE A. OLDERKJÆR

Bjørn Thrane (60) er identisk med kapteinen på Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sin snøggbåt «Sea Cat» som kolliderte i Mjømnasundet i november 1991. Thrane blei frifunnen i rettssaka etter ulukka i Gulen.

— Hagland er vårt medlem, vi har støtta han frå dag ein med advokathjelp og det som trengst, seier Bjørn Thrane til Bergens Tidende.

Thrane er tidlegare tillitsvalt for styrmennene i Fylkesbaatane, og er i dag med i styret i Norsk Sjøoffisersforbund, som han representerer i rettssaka etter «Sleipner»-ulukka. Han pensjonerte seg 1. mai i år, men stiller stadig som vikar på brua på Fylkesbaatane sine snøggbåtar.

- Optimistisk

— Eg er optimistisk på kapteinens vegner så langt, seier Thrane om rettsforhandlingane som han har følgt sidan starten måndag.

— Men ein kan aldri vita kva utfallet blir. Han har iallfall ein god forsvarar, meiner Bjørn Thrane og siktar til den same bergensadvokaten som han sjølv nytta for ti år sidan, Per Magne Strandborg.

Bjørn Thrane er Norsk Sjøoffisersforbund sin representant i prosjektgruppa som Sjøfartsdirektoratet sette ned for å vurdera ytterlegare tiltak for sikrare snøggbåtseglas etter «Sleipner»-ulukka.

— Vi må læra av ulukkene og gardera oss mot at det skjer igjen. Prosjektgruppa si innstilling skal vera klar i november, seier Bjørn Thrane.

Norsk Sjøoffisersforbund blei etablert 1. januar 1995 etter ei samanslåing av Norges Skibsførerforbund og Norsk Styrmandsforening. Forbundet har 7800 medlemmer, rundt 5500 av dei er siglande.

KAPTEIN STØTTAR KAPTEIN: Den tidlegare «Sea Cat»-kapteinen Bjørn Thrane følgjer rettssaka mot «Sleipner»-kaptein Sverre J. Hagland som representant for deira felles organisasjon Norsk Sjøoffisersforbund og som personleg støtte.
Foto: Ove Olderkjær