EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Solheimsviken Næringspark A/S, der Rieber Eiendom er største aksjonær, tok over den gamle trebygningen for snautt eitt år sidan.

— Meininga var etter kvart å fjerne bygget. Reguleringsplanen for området tilseier at det skal oppførast eit næringsbygg på tomta, seier Bjart Nygaard, administererande direktør i Rieber Eiendom A/S og Solheimsviken Næringspark. Tomt i fleire år Selskapet opna tidlegare i vinter eit 18.000 kvadratmeter stort kontorbygg i same området, og har ytterlegare planar. Dei eig til saman eit areal på om lag 50 dekar inst i Puddefjorden.

Det gamle kol- og kokslageret hadde stått tomt i fleire år då det tok fyr natt til i går. Flammane slo fleire meter opp frå taket på den overtente bygningen då brannvesenet kom til staden i 02-tida. Etter innsats frå to snorkelbilar, brannbåten og fleire vasskanonar fekk brannmannskapa raskt kontroll.

Gir vekk koks Det er førebels uvisst kva som utløyste brannen. Ifølgje direktør Nygaard vart det funne spor etter innbrot på baksida av bygget.

— Vi veit per i dag ikkje om brannen var påtent, seier avdelingssjef Per Ivar Bøe ved tjuveri- og brannavsnittet i Bergen politidistrikt.

Huset var ikkje forsikra mot anna enn kostnadane ved opprydding etter skade på bygningen. Det einaste av verdi var bingar der det fortsatt låg gammal koks. Desse brende ikkje opp.

— Så dersom det er nokon som har bruk for gratis koks, er det berre å ta kontakt med oss, seier direktør Bjart Nygaard i Rieber Eiendom.