EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Bergen brannvesen rykte ut med store mannskap då meldinga kom om storbrann i det gamle kokslageret til «Brenselimport» og «Kullcompagniet af 1871». Den gamle trebygningen ved enden av Gamle Nygårdsbroen stod i full fyr då brannvesenet kom fram.

Brannen vart meldt klokka 01.46 av forbipasserande, og varmen slo fleire meter til værs gjennom taket. To snorkelbilar, fleire vasskanonar og brannbåten vart sett inn i sløkkinga. Både hovudstasjonen, Årstad brannstasjon og Fana brannstasjon rykte ut med om lag 20 mann.

Heldigvis vindstille Klokka 02.45 var det meldt at brannen var under kontroll.

— Då vi kom fram, var det ein storbrann. Heldigvis var det vindstille, slik at det ikkje var fare for at varmen skulle spreie seg til nabobygningane, sa brannsjef Helge Eidsnes til Bergens Tidendes nettutgåve i natt.

Brannen truga aldri Bergen Betongs nabobygg. Det var heller ikkje lenger lagra koks i dei gamle siloane i trebygningen.

Det brannskadde huset er eigd av Nodest Asfalt, og Bergen kommune skal ha nytta delar av bygget til lager.

Ukjent brannårsak Det er uvisst korleis brannen starta, og om han kan ha vore påsett.

— Det er eit relevant spørsmål som politiet må undersøkje nærare, sa Eidsnes.

Det såg ut som om varmeutviklinga var størst høgt oppe i bygget, men Eidsnes ville ikkje uttale seg om kvar brannen kan ha starta. Ingen ting tyder på at det var folk til stades i huset då brannvesenet kom til staden.

FULL FYR: Heile trebygningen var overtent då brannvesenet kom til staden litt før klokka 02.00. (Foto: Rune Nielsen)