TERJE ULVEDAL

Førde sentralsjukehus er eitt av 14 norske sjukehus som er undersøkte av Riksrevisjonen. Snittet i undersøkinga viser at feilkodinga var på heile 27 prosent. Dersom dei 14 sjukehusa er representative for resten, kan norske sjukehus ha tent 1,1 milliard kroner på feilkoding i fjor.

Sjukehusa får betalt for etter kor mange pasientar dei behandlar, og diagnose dei blir behandla for. Målet er at dette skal gjere sjukehusa meir effektive.

Men sjukehusa gjer feil når dei kodar pasientane sine. Til pressebyrået ANB seier statssekretær Jan Otto Risebrobakken i Helse— og omsorgsdepartementet at det gjev grunn til uro at 13 av dei 14 undersøkte sjukehusa ville tent på feilkodinga.

— Saman med dei regionale helseføretaka vil vi no sjå grundigare på dette, seier statssekretæren.

Sjukehusdirektør Aud Viken i Førde seier dei ikkje har tent på feilkoding.

— Vi har gått gjennom rapporten frå Riksrevisjonen, og kome fram til at vi verken har tapt eller tent på feilkodinga, seier Viken til avisa Firda.