Trafikken snegla seg fram frå nord frå i seks tida. Mange stod i kø i meir enn ein halv time. Ei stund på kvelden var det kø like frå Alverflaten til bompengestasjonen.

Det er HSD som betener bomstasjonane. Informaskjonssjonsjef Arild Sondre Sekse ikkje anna enn å beklaga situasjonen.

— Finveret gjer at bergensarane ventar med å reisa heim frå hyttene sine. Det har vore full bemanning på bomstasjonen i heile kveld.

Trafikken frå nord har vore betent av tre personar fordelt på to luker. Dei har klart å betena ti bilar i minuttet.

Køen løyste seg opp i 21.30 tida i går kveld.