Direktør Atle Hamar gnir seg i hendene etter dryge to års røynsle med å byggja opp Lotteritilsynet. Spådomane hos Oslo-eliten om at det ville bli vanskeleg å få tak i kvalifiserte fagfolk er gjort grundig til skamme.

— Eg var ikkje det minste redd for å møta slike problem, men interessa har likevel vore mykje større enn eg trudde, seier sjefen for Lotteritilsynet til Bergens Tidende.

På rekordtid har han rekruttert ein stab på førti her i Førde, medan sju er tilsett i avdelinga i Hamar. I tillegg til juristar er det framfor alt økonomar og ingeniørar - særleg med kompetanse på IT-sektoren - som utgjer stamma av den faglege kompetansen.

Ville «heim» att

Avdelingsdirektør Berit Hovland er personalsjef og har hatt travle tider i jakta på å finna dei rette. Sjølv har ho bakgrunn som personalsjef i Bergen kommune og som helse- og sosialsjef i Florø før ho vart lokka til å vera med å byggja opp ein heilt ny institusjon frå grunnen.

Ho fortel at to tredelar av dei tilsette har røtene i Sogn og Fjordane, og såg ein gylden sjanse til å venda «heim» att. Det gjeld både unge og ferske fagfolk, men og fleire med mange års røynsle frå offentleg administrasjon.

— Eg er ikkje i tvil om at dette gir grunnlag for ein mykje meir stabil stab enn det vi er vitne til i Oslo, seier Hamar. I den tida tilsynet har vore i funksjon, har berre ei einaste sjel slutta, og det var fordi han fekk ein endå betre jobb.

Nybrottsarbeid

Juristen Johnny Gustavsen (30) er ein av dei som slo til då høvet baud seg. Sjølv om han lika seg i Bergen, der han tok utdanninga, ville han meir enn gjerne attende til Naustdal der óg sambuaren kjem frå. Som sjukepleiar hadde heller ikkje ho vanskar med å få seg arbeid.

— Det var viktig for oss at dei to borna våre kunne få betre kontakt med besteforeldra. Men for meg talde det mykje at eg fekk vera med å byggja opp ein heilt ny institusjon frå grunnen. Arbeidet mitt som førstekonsulent har vore meir utfordrande og interessant enn eg hadde tenkt meg. Dessutan har vi eit godt fagleg miljø oss juristar imellom. Derfor satsar eg på å bli verande her, seier Gustavsen.

Lett å få bustad

— Dei sosiale og praktiske problema med å flytta til Førde er overdrevne, iallfall om ein tenkjer på det å skaffa seg tak over hovudet. Mange leiger hus, men det er og dei som har kjøpt eller er i ferd med å byggja sjølv, fortel Hovland.

Atle Hamar reagerer med undring over all motstanden det er mot framlegget om å flytta ut åtte statlege tilsyn frå Oslo. Dei tilsette er tilbydd ei «pakke» for å lindra overgangsproblema i samband med flyttinga som er historisk god. Det finst ikkje noko tilsvarande her til lands.

— Dei har simpelthen ingen ting å klaga over! legg han til.

Dessutan kan han fortelja at det er billegg å driva eit statleg tilsyn i Førde samanlikna med i Oslo. Dei lyse og trivelege lokala leigar han for berre halve prisen av det som er vanleg i hovudstaden. Sjølv om det vert ein del reising, som nok er fordyrande i høve til om Lotteritilsynet hadde halde til i Oslo, kjem ikke desse meirutgiftene opp mot det ein sparar i husleige.

STOR INTERESSE: Direktør Atle Hamar (til v.) og avd.direktør Berit Hovland er overvelda over den store interessa det er blant juristar, økonomar og ingeniørar for å få seg arbeid i Førde og Lotteritilsynet.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH