— Jaha, ein robåt?

Barbara Adams imponerte ingen heime i Philadelphia då ho fortalde om presangen til 50-årsdagen sist haust.

Men om ikkje venene heime i Philadelphia misunner Adams oselvaren, er det nok av andre som ynskjer seg den raske kombinerte ro- og seglbåten.

Stiftinga Oselvarverkstaden vart etablert i 1997 for å sikre at båtbyggjartradisjonane ikkje gjekk i gløymeboka.

I dag har verkstaden fem årsverk, og rundt 40 oselvarar i bestilling. Ventetida for levering er tre-fire år.

Hekta

Adams, som arbeider som advokat heime i USA, har vore hekta på oselvar sidan ho byrja å feriere i Os i 1988.

Tre veker ferie kvart år, med praktisk talt ein dagleg rotur i lånt båt.

— Det kjennes som du kan ro for alltid, seier Adams.

Så hekta var ho at ektefellen Erik Torp i fjor slo til med oselvar i presang til den runde dagen. I går var det overlevering.

Offentleg støtte

Då stiftinga starta Oselvarverkstaden i Os sentrum i 1997 var ventetida på ny båt to år. I dag er dagleg leiar Åsmund Lien i stiftinga er varsam med marknadsføringa. Køen er lang nok.

— Vi har annonsar i nokre fagtidsskrift og så er vi med på nokre få båtmesser, seier Lien.

Stiftinga Oselvarverkstaden får i underkant av ein million kroner i tilskot frå heimkommunen Os og frå Hordaland fylke. I tillegg kjem eigne inntekter på rundt 700.000 kroner, i fylgje Lien.

Handverket var i ferd med å døy ut, då stiftinga kom inn i biletet.

I dag kostar det 90.000 kroner for ein oselvar fullt utrusta for segling.

Skulle ein båtbyggar leve av yrket utan offentleg støtte i ryggen, tippar Lien at prisen måtte opp med 30-40 prosent. Då kunne ventetid fort blitt kutta ned til 14 dagar, fryktar han.