Kø etter oselvar
Det er kø etter den tradisjonsrike oselvaren. Ventetida for å få ny båt er opp mot fire år, og det står 40 kundar på venteliste.
AV: ogne øyehaug
Publisert:
Oppdatert:
- Jaha, ein robåt?
Barbara Adams imponerte ingen heime i Philadelphia då ho fortalde om presangen til 50-årsdagen sist haust.
Men om ikkje venene heime i Philadelphia misunner Adams oselvaren, er det nok av andre som ynskjer seg den raske kombinerte ro- og seglbåten.
Stiftinga Oselvarverkstaden vart etablert i 1997 for å sikre at båtbyggjartradisjonane ikkje gjekk i gløymeboka.
I dag har verkstaden fem årsverk, og rundt 40 oselvarar i bestilling. Ventetida for levering er tre-fire år.
Hekta
Adams, som arbeider som advokat heime i USA, har vore hekta på oselvar sidan ho byrja å feriere i Os i 1988.
Tre veker ferie kvart år, med praktisk talt ein dagleg rotur i lånt båt.
- Det kjennes som du kan ro for alltid, seier Adams.
Så hekta var ho at ektefellen Erik Torp i fjor slo til med oselvar i presang til den runde dagen. I går var det overlevering.
Offentleg støtte
Då stiftinga starta Oselvarverkstaden i Os sentrum i 1997 var ventetida på ny båt to år. I dag er dagleg leiar Åsmund Lien i stiftinga er varsam med marknadsføringa. Køen er lang nok.
- Vi har annonsar i nokre fagtidsskrift og så er vi med på nokre få båtmesser, seier Lien.
Stiftinga Oselvarverkstaden får i underkant av ein million kroner i tilskot frå heimkommunen Os og frå Hordaland fylke. I tillegg kjem eigne inntekter på rundt 700.000 kroner, i fylgje Lien.
Handverket var i ferd med å døy ut, då stiftinga kom inn i biletet.
I dag kostar det 90.000 kroner for ein oselvar fullt utrusta for segling.
Skulle ein båtbyggar leve av yrket utan offentleg støtte i ryggen, tippar Lien at prisen måtte opp med 30-40 prosent. Då kunne ventetid fort blitt kutta ned til 14 dagar, fryktar han.