OVE ARNE OLDERKJÆR

Nessa (55) har varsla at han går til sak mot HSD for å få tilbake jobben som snøggbåtkaptein. Rutelaget degraderte han til styrmann etter grunnstøytinga med MS «Baronessa» på Halsnøy 19.april i år.

I Bergen tingrett verserer for tida ein del av skandalesaka med MF «Os» frå Austevoll i august i fjor der heile mannskapet blei sparka for fyll. Det fanst ikkje alkohol i blodprøven til den 50 år gamle kapteinen, som no har reist sivil sak for å få jobben i HSD tilbake.

Edru maskinist

Maskinisten (56) som var edru då eit anna MF «Os»-mannskap blei sett på land etter fylleskandalen på Sunde 7.november 2002, går også til arbeidsrettssak mot HSD for å bli teken inn att i jobben.

I oktober møter bømlingen motparten i Bergen tingrett saman med Det norske maskinistforbund sin advokat Sigmund Z. Berg.

Full forsikring?

I november er Bergen tingrett sete for nok ei sivilsak der HSD er saksøkt. Ein tidlegare ferjeskipper føler seg dårleg behandla av selskapet i samband med at han i 2002 mista jobben etter hjartesjukdom.

Selskapet nektar å utbetala forsikringssummen til 58-åringen, med tilvising til ein passus i forsikringsavtalen. Ein passus som Forsikringsklagenemnda har avvist som i strid med Forsikringsavtaleloven.

Mannen fekk først i 2001 diagnostisert ei spesiell hjarteliding som fører til sporadisk besviming. Men HSD fann ut at han besvimte to gonger i 1995, tre år før den kollektive forsikringa tok til å gjelda.

58-åringen viser til at han blei grundig undersøkt etter dei to første besvimingane i 1995. Ingen sjukdom blei oppdaga, skipperen blei friskmeldt og jobba i fem år til utan helseproblem.

Tre ankar

Kapteinen (48) og styrmannen (29) på MF «Os» som er dømde i Gulating lagmannsrett for brot på fråhaldsplikta i samband med episoden på Sunde i 2002, har begge anka dommane inn for Høgsterett.

Ingen av dei to offiserane har varsla sak mot HSD for å få stillingane tilbake, det har heller ikkje dei to matrosane.

HSD er etter frifinninga i Gulating i vinter juridisk ferdig med «Sleipner»-ulukka frå 1999. Derimot har kaptein Sverre J. Hagland (57) anka den fellande dommen — seks månader fengsel på vilkår - inn for Høgsterett.