Mattilsynet åtvarar no folk mot å eta dansk salami frå Grillstad, melder NRK Hordaland. Salamien er allereie trekt attende frå marknaden.

Folkehelseinstituttet har ikkje stadfesta at mannen døydde av salmonella-smitta, men har mistanke.

— Me er no opptekne av at folk ikkje har liggjande ting i kjøleskåpet som dei risikerer å bli sjuke av, seier Kristin Vassbotten Tonning i Mattilsynet til NRK Hordaland.

Dei potensielt farlege produkta er merka anten best før 01.10.06, eller 01.12.06.

Salmonella-bakterien er vanlegvis ikkje dødeleg, men kan vere det for folk som er sjuke i utgangspunktet.

Rocky Mountain Laboratories, NIAID, NIH