Eitt år har gått sidan utflytte kom heim til Ålvik for å markera solidaritet med industriarbeidarar ved Bjølvefossen ASA som måtte skriva si eiga oppseiing for å få venteløn.

— Vi ventar at Elkem stiller opp i heile omstillingsarbeidet som må til, slik dei gav inntrykk av at dei ville. Og vi krev oppbacking frå sentralt politisk hald til dei planane som vert lagt fram, sa tidlegare næringsminister Grete Knudsen i sin 1. mai-tale i Folkets Hus.

I prosesjonen fanst det plakatar retta mot direktør Fredrik Behrens, med spørsmål om kva som hende med lovnadane.

Behrens var likevel sporty nok til å ta turen frå Bergen og delta i toget. I fjor reagerte fagforeningsleiar Einar Støfringshaug, no konserntillitsvald, negativt på direktøren sin marsj bak fagforeningsfanene, men i år synest dei tillitsvalde det var greitt nok.

— Vi får prøva å sjå framover, seier nestleiaren i Ålvik Arbeiderforening, Wenche Jensen.

Behrens seier til Bergens Tidende at han ikkje opplevde parolane som ei utåleleg meiningsytring, og gjekk bakerst i prosesjonen frå Torget og opp til Folkets Hus.

— Eg ser på 1. mai-feiringa som ei viktig bygdemarkering, noko som Ålvik treng, seier Behrens.

Lilly Vines og Anne Grethe Solberg gjekk ikkje i tog i år. Dei miste jobben i fjor, etter høvesvis 25 og 33 år på fabrikken.

— Eg orkar ikkje i år. Vi får sjå til neste år. Eg vart så skjelven då eg skrev namnet mitt på oppseiinga et eg berre så vidt greide å klora det ned, seier Lilly Vines til Bergens Tidende.

— Boikotta du toget fordi direktøren var med?

— Nei, han er neppe problemet, ting vert avgjort på høgare hald. Eg er mest skuffa over Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund sentralt. Kvar var dei då våre lokale tillitsvalde trengde hjelp? spør Vines.

PÅMINNING: Elkem må halda lovnadane og stilla opp for Ålvik, krev 1. mai-demonstrantane.
FOTO: ARNE HOFSETH