Lista over indisiar som knyter 62-åringen stadig tettare til ugjerninga på Halsnøy 18.oktober i fjor, blir lengre og lengre dag for dag i rettssaka

HATEFULL TALE . 62-åringen har vore intenst oppteken av lagnaden til ekssambuar Bente Bjørgen etter at ho drukna medan ho var sambuar med drapsofferet Asbjørn Hvidevold i 2003. Då Austevoll lensmannskontor ikkje fann grunn til å etterforska drukninga som kriminalsak, sette 62-åringen i gong eigne undersøkingar.

Han kontakta to synske personar som skildra detaljar frå drukningsstaden på Austevoll som gav 62-åringen grunn til å mistenkja anten Hvidevold eller ein annan namngitt lokal person for å ha medverka til drukninga, forklarte han i Sunnhordland tingrett i går.

«Folk som er ein så jævlig psykopat som han, fortener ikkje å dø», men må «få li resten av livet med samvitet sitt» uttalte 62-åringen i politiavhøyr.

— Det er heilt feil at eg hadde så mykje imot Asbjørn. Vi fekk jo aldri svar på om det var han som forårsaka drukninga. Hadde lensmannskontoret gjort jobben sin og etterforska, hadde vi aldri site i retten, vi ville vore sparte for denne tragedien, sa 62-åringen i retten i går.

— Han var rasande på Asbjørn. Å ta han var det einaste som stod i hovudet hans. Eg trur han hata han, sa 62-åringen sin sambuar (50) frå 2002 til 2003 i tingretten i går.

SNAKKA HEMN. 62-åringen sin sambuar frå 2002 til 2003 framstilte austevollingen som oppfarande, kontrollerande, fysisk og psykisk trugande, og som ein som stadig snakka nedsetjande og hemngjerrig om Asbjørn Hvidevold.

— Ofte sat vi mange rundt middagsbordet og høyrte han stadig hissa seg opp over Asbjørn, han sa fleire gonger at han skulle knusa kneskålene hans eller banka han slik at han ikkje kunne gå. Han var veldig oppteken av at Asbjørn måtte stå bak drukninga. Men eg kjende Bente, og meiner at det ikkje låg noko kriminelt bak, sa 62-åringen sin ekssambuar (50).

Også 62-åringen si ekskone, som døydde i vår, var overtydd om at eksmannen eigentleg stod bak ugjerninga på Halsnøy, forklarte ein kurator frå Austevoll sosialkontor i retten i går. Ekskona hadde bede kuratoren inderleg om å få fram meininga si, ho var sjølv for redd 62-åringen til å uttala seg.

20-ÅRINGEN. Den 27 år gamle sonen sin sju år yngre kamerat var til stades då Asbjørn Hvidevold blei slegen i hel. Han har forklart at han overhøyrte ein telefonsamtale mellom far og son like etter ugjerninga der 27-åringen uttalte at «no har han fått ein omgang, ja, meir enn nok bank». 20-åringen meiner 62-åringen visste om Halsnøy-turen på førehand.

MOBIL OG PENGAR. Politiet har kartlagt ei uvanleg stor mengde telefonsamtalar mellom far og son drapsdagen og dagen etter som tyder på at dei to må ha samsnakkast om åtaket på Hvidevold. 62-åringen forsvarar seg med at det berre handlar om ein normal kontakt mellom far og son, og om samtalar om eit jobboppdrag på Austevoll og betaling.

Kvelden etter drapet var 27-åringen heime hos faren og fekk 8500 kroner i kontantar. Politiet meiner det var oppgjer for utført oppdrag med Hvidevold, 62-åringen hevdar hardnakka at det var betaling for ein jobb sonen skulle gjera heime på Austevoll helga etter.

Politiet festar også lit til vitneopplysninga om at sonen viste faren eit mobiltelefonfoto av den oppbanka Hvidevold før pengeutbetalinga. 62-åringen nektar for at det har skjedd.

DOMINANT FAR. Både sonen og fleire vitne har framstilt 62-åringen som svært dominant og kontrollerande overfor sine nærmaste. I retten i går vedgjekk han at han hadde eit hissig temperament, var streng i barneoppdraginga og førte eit til dels kraftig språk.

Ørjan Deisz (arkiv)