Dette har dei lært i USA. Den tilsvarande skulpturen som står på Notre Dame-universitetet har for lengst fått nasen blankpolert.

— Slikt gir «good luck», og alle spelarane er bortom statuen før kamp, fortel Ronny Nilsen i bergenslaget for amerikansk fotball.

No har dei fått ei nase å gni på rett ned for innkøyrsla til Fleischer's Hotell.

Avdukinga av Texas-skulptøren Jerry McKenna si rause gåve til Voss, fødestaden til den mest kjende nordmannen i Amerika, vart spektakulær. Heidersgjestene kom i ein Studebaker Rockne veteranbil frå 1933, køyrt av eigaren, Birger Rokne. Deretter kom hans to søsken Gudrun og Even ned frå blå himmel i fallskjerm, begge verdsrekordhaldarar i formasjonshopping.

Fallskjermhopparane landa trygt på plenen ved Vangsvatnet ganske nøyaktig 75 år etter flyulykka som enda fotballegenda sine dagar. Tilskipinga på Voss i går skjedde samstundes som hundrevis av amerikanarar var samla til minnestund 8000 km borte, på ulykkesstaden. Der har det årleg vore slike samlingar.

Knute Rockne, døypt Knut Kenneth Rokne i Vangskyrkja, revolusjonerte amerikansk fotball med ny taktikk og pasningsspel. Idretten var ikkje lenger berre for dei største og sterkaste. Men han vart mest kjend som trenar. Laget hans ved Notre Dame-universitetet i South Bend vann ni av ti kampar i gjennomsnitt over fleire år. Rockne er kåra til beste fotballtrenar i USA gjennom tidene. Studebaker produserte bilar med Rockne-merke, det er skrive dungevis av bøker om han, og laga fleire filmar. I ein av dei har ei ung utgåve av president Ronald Reagan ei hovudrolle.

Den mest prominente gjesten på Voss for tida er Jack Rockne, yngste sonen til Knute. Han er her for første gong, og opplevde at monumentet over faren vart avduka eit par hundre meter frå der han vart fødd. Jack miste taleevna for seks år sidan, men kommuniserte ved å skriva på ei tavle.

Ein av Voss sine mange OL-medaljørar, alpinisten Jan Einar Thorsen, avduka opplysningstavla ved statuen.

PÅ SOKKEL: Spelarar frå fotballaget Bergen Storm gler seg over statuen over Knute Rockne, helten over alle heltar i amerikansk fotball, avduka på Voss i går med sonen Jack til stades. Jack (t.v.) brukar høyrsla og ei tavle til å kommunisera med spelarane (vidare f. v.) Tor Arne Torsvik, Carlos Cheuquen, André Remme og Alexis Cheuquen frå Bergen. FOTO: RUNE SÆVIG