Berre tre hus står att, seier leiar i senterforeininga i Dale, Kari Arstein Nedrebø til Firda.

Ho trur hærverket har skjedd laurdag kveld, og prøvar no å finne ut kven som står bak.

— Eg blir oppgitt og sint, og tykkjer det er veldig unødvendig, seier Nedrebø.

Peparkakelandsbyen vart byrja på for eit par veker sidan, og mange skular, frivillige organisasjonar og liknande, er inviterte til å lage det dei vil. Landsbyen skal vere ferdig helga om to veker, og står i eit lokale i Dale senter.