Klokka 22 kjørte måløyværingen Horn rv 617 mellom Måløy og Raudeberg, då raset kom ned fra fjellsida.

– Først traff ein stor stein i frontruta. Den fauk fram på vegen, og eg køyrde over den. Så eksploderte sidevindauget. Til slutt køyrde eg inn i ein stein på over eit halvt tonn. Da var det var bom stopp, fortel han til NRK Fylkesnytt.

I samanstøyten med steinblokka slo Horn hovudet mot frontruta, knuste bril-lene men unngjekk skader på augene. Han skal heller ikkje ha blitt skadd på andre måtar.

– Litt stiv i nakken, men elles bra, var kommentaren frå Horn som fekk bilsetet var fullt av mold og knust glas.

Ifølgje NRK har Statens Vegvesen opna vegen etter ulykkas, og meiner at rasfaren ikkje er overhengande.