– Eg er både skuffa og overraska over at retten ikkje har trudd på verken oss eller vitna me førte. Dommen er som eit ekko av motparten sine anførslar, seier Sælevik.

I tingretten saksøkte Sælevik mora, begge systrene og ein svoger for årelange konspirasjonar, sabotasje og forfølging. Erstatningskravet var på over fem millionar kroner. I staden må han ut med over 600 000 kroner i saksomkostnader. I tillegg er avtalen om eigedomsrett til familiegarden heime i Sælevik kjent ugyldig. Retten legg blant anna til grunn at Geir Sælevik har forfalska mora si underskrift på den tinglyste tilleggsavtalen som gav han kjøpsopsjon på familieeigedomen fram til 2010.

Han undrar seg over retten si vurdering.

– Det var jo eg som engasjerte skriftsakkyndig. Hadde eg forfalska underskrifta er dette noko eg ville ha halde meg klar, seier han.

– Kosta oss dyrt

Sælevik si yngste syster og motpart, Kristin Haustavik (40), er letta og glad etter domsslutnaden.

– Me håpar at me ein gong skal få fred og få høve til å leva eit normalt liv. Det får me kanskje no. Dette har gått over så mange år og kosta oss dyrt, ikkje berre økonomisk. Etter 10 rettssaker på 13 år har eg lyst til å bruka kreftene på andre ting, seier Haustavik.

Men det ser ut til at ho må bretta opp ermane til endå ein runde. Geir Sælevik har bestemt seg for å anka saka vidare til lagmannsretten. Til den runden er allereie stjerneadvokat John Christian Elden hyrt inn.

– Me har ikkje vore flinke nok til å kasta lys over dei faktiske forholda i saka. Me må førebu oss betre til neste korseveg. Elden vil garantert styrka oss i dette arbeidet, seier Sælevik.

La saka bort

Sælevik-saka har røter heilt tilbake til 1993. Det starta med Sælevik si eldste syster (45) sine påstandar om at Geir Sælevik hadde utsett ho for vald og seksuelle overgrep. Dette skal ha skjedd frå systra var sju år og heilt opp til 17-18-årsalderen. Forholdet vart meldt til politiet i mars 1994, kort etter ein intern eigedomstvist i familien. Etter to års etterforsking la stadsadvokaten saka vekk «etter bevisets stilling». Fem år seinare omgjorde riksadvokaten denne avgjerda og la saka vekk som «intet straffbart forhold».

Tidlegare i år vart Geir Sælevik og kona Inger Johanne Dybvik tilkjent 1 200 000 kroner frå Staten som erstatning og oppreising for uretten dei har lidd etter saksbehandlingsfeil og forfølging av politi og påtalemakt.

– Sett i lys av den ferske dommen frå Karmsund tingrett er erstatninga eit pinleg kapittel, seier motparten sin advokat, Haldor Tveit.

Bergens Tidende